Ref 10.10.02 styremøte i KKUL kl 20.00.
Desse møtte: Johanne Thue Gilleshammer,
Jan Eide, Terje Johnsen, Klas Idar Moe, Arne Kjøllesdal.
- Postlista vart gjennomgått.
- Økonomi. Klas hadde gløymt papira. Men det vart referert at 80
000.- er overført frå DNB til driftskto. Kr 50 000 er tenkt å bli lagt inn
på kto i Sparebanken Sogn og Fjordane om renta er tilfredsstillande. Kr
103000 er nytta til aksjehandel i butikken
- Giroutsending. 180 konvoluttar vart pakka saman med resultat
frå spørjegranskinga tidlegare i haust. Marie Stølen gjekk rundt med denne
til dei fleste husstandar. Vi vonar dette kan føre til auka medlemstal.
- Kjølsdalen Handel. Jan Eide som set i styret for Kjølsdalen
Handel orientert om framdrifta. Ein er no inne i fasen om å tilsetje
dagleg leiar.
- Slektsforskardag 9 nov. Vi vil be Ole Reinhardt Bugjerde om å
vere ansvarleg og
mobilisere folk til å ta innregistreringa og betaling for
mat denne dagen.
- Områdetiltak. 10 siders rapport er skreve
innan fristen 1/10 og er oversendt til Eid kommune som skal ha sendt den
vidare til Fylkesmannen , landbruksavdelinga i Førde. Vi ber om å få
utbetalt restløyvinga på fase I og 75% av tilskotet på fase II i
alt 75000.-
- Rivefabrikken. Orientering om framdrifta. Tak og vegger skal
no vere sikra for vinteren. Kr 15000.- er utbetalt til skulemusikken for
det dugnadsarbeidet dei har utført.
- KKUL har fått inn tilbod om å vere med på konferanse på
Aleksandra 12 og 13 nov. Vi legg innbydinga ut på web-sida vår. Vonar folk
har høve til å vere med.
- Hyttebygging i Fossane. Familien Dag Magne Berstad ynskjer å
byggje hytte i Fossane og søkjer om dispensasjon frå kommuneplanen der
området er lagt ut som LNF område (Landbruk-Natur-Friluftsområde). KKUL
har fått frist til 01.11.02 om å kome med merknader. KKUL som er ein paraplyorganisasjon
for dei andre organisasjonane i krinsen, har sendt papira over til
Kjølsdalen Krins Grunneigarlag for uttale. KKUL vil sende over kommentar
før 1 nov.
- Bygdekontoret. Det trengst ei oppstramming på bygdekontoret.
Det er mogeleg at ein etter responsen på medlemsregistrering vil setje opp
ei ambulerande vaktliste for bygdekontoret. Folk har sagt seg viljuge til
å vere med på dette. Det blir då faste dagar med opningstid for ungdom og
andre.
- Breiband. Arne Kjøllesdal tek på seg arbeidet med å finne ut
kor langt ein i distriktet er komen med breiband.
Møtet slutt kl 23.30
Jan Eide ref.