Styremøte i KKUL 050902

Desse møtte: Reidar Erviksæter, Jan Eide, Klas Idar Moe.

 

Postlista vart gjennomgått.

Saker:

  1. Butikken. Jan orienterte om stoda. Det skal vere skipingsmøte torsdag 12 sep. i Samfunnshuset. Interimsgruppa arbeider med avtale om husleige. KKUL gjorde på forrige styremøte vedtak om å kjøpe 100 aksjar a kr 1000.- Teikningskursen er 1030.- pr aksje.
  2. Spørjeundersøkjinga. Marie Stølen har avslutta den og resultatet ligg på websida til KKUL under siste nytt for august. Kvar husstand vil få ei utskrift av resultatet med bankgiro for innbetaling som medlem.
  3. Områdetiltak. KKUL har fått tildelt 75000.- fase II. Opplysn. om dette vil bli lagt ved brevet til alle husstandar.
  4. Landbruksmelding – uttale. Frist for uttale er 10 sep. Leiaren kontaktar Ole Telvik og får fullmakt til å sende ein uttale der gjengroing av kulturlandskapet bør vere med.
  5. Slektsforskardag. Denne blir arrangert 9 nov. Rønnaug Leite har regien.
  6. Møte på Stadtlandet med andre utviklingslag 31/8. Jan Eide og Reidar Erviksæter representerte KKUL. Etter innspel frå Andenes i Sparebanken i Sogn og Fjordane om mogelegheiter til prosjektstøtte frå banken, opprettar KKUL ein kto i denne banken om vilkåra er gode nok. Kr 50000.- blir å overføre frå DNB i tilfelle.
  7. Økonomi. Brukskto. Er omtrent tom. Ein del utgifter skal betalast. Leiaren i KKUL ordnar med overføring frå andre kto som Klas Idar enno ikkje har tilgang til.
  8. Eventuelt. Reidar Erviksæter lufta tanken om å kjøpe telt til krinsen. Eit slikt telt vart nytta under 4-H si tilskiping og på slekts/gardsstemne på Erviksæter tidlegare i sumar.

 

J.Eide ref.