Desse møtte: Jan Eide, Rønnaug Leite, Jostein Gilleshammer, Arne Kjøllesdal, Cato Albrigtsen, Eldar Lien.
1. Postlista vart gjennomgått og kommentert.
2. Økonomi. Laget har ein god økonomi, men medlemstalet er for lågt.
3. SND – investeringsselskap. Etter møtet med SND i november vart ein sett
på tanken om lage til eit investeringsselskap for å kunne dra inn meir ekstern
kapital til eventuell ny næreing. KKUL har 150 000 til såkornkapital. Vi
avventar med å skipe eit slikt selskap til ein får avklara behovet i krinsen.
4. Tomte og bustadplan. KKUL sender kommentar til planen som no er på
høyring innan fristen der vi tek opp følgjane; kommunal reguleringsplan for
Kjølsdalsstranda hastar og ingen grense for spredd bustadbygging, samt at vi
ber om eit møte med teknisk styre på nyåret.
5. Kjølsdalselva og reguleringsplan. KKUL har fått tilsendt kopi av brev
til politikarane om miljømål i Kjølsdalsvassdraget frå teknisk etat. Det ser ut
for at teknisk tenkjer vasskvalitet og brukar dette som argument for å utsetje
vidare arbeid med vassdraget. Vassmiljø
er mykje meir enn berre vasskvalitet. KKUL har fått stønad frå FMLA for å
arbeide med vassmiljø og har streva med dette i 2 år og har lagt ut mykje tid
og pengar på dette. Leiaren skriv eit brev til politikarane og orienterer om
dette.
6. KKUL framover. Organiseringa i KKUL bør kanskje endrast. Skal KKUL
arbeide vidare, må interessa for laget ikkje gå nedover, men heller aukast. Ein
ber inn til temamøte etter jul for at folk i krinsen skal få seie si meining om
dette.
7. Brev til utflytte Kjølsdøler. Bygdedagane i sumar var velluka og gav
god reklame for krinsen. Med tanke på å utnytte den ressursen det ligg i dei
utflytte, sender KKUL ut eit brev med giro på nyåret der ein ber om at folk
støttar laget ved å melde seg inn og bli medlem.
8. Kompetansestove. Det skal etter kvart gå ut invitasjon til å vere med
på nye kompetansestover. KKUL vil søke om å vere med på dette. Rønnaug tek
denne saka.
9. Levande bygder. Det skal vere samling på Eid i januar 2002. KKUL vil ta
del i dette . Deltakarar vil bli påmeldt.
10.
Molo. Det har vore halde ein
del møte rundt dette temaet. Arne Kjøllesdal som eig området og Jan Eide leiar
KKUL inviterar og legg opp til eit møte med interesserte på nyåret.
11.
Mat. Etter styremøtet vart det servert rakfisk m. tilbehør. Det smakte
herleg. KKUL held på tradisjonane: siste møtet før jul blir avslutta med
rakfisk m. meir for alle i styret.