Styremøte i KKUL 16.11.01.

Desse møtte: Jostein, Jan og Rønnaug.

 

1.Økonomi: Rekning frå Telenor var urovekkande høg. Det er mistanke om at forbindelsen til Internett har vore oppkopla ei lang stund utan vår feil. Paul Rune er beden om å  sjå på dette om han har tid.

 

2. SND. Ein representant frå Mentor kjem til oss tirsdag 27/11 for å sjå på våre næringssaker på nytt. Dette viser at det arbeidet som er gjort ovanfor SND ikkje er bortkasta. Vi får høve til å dra fram andre idear samstundes. Dette er arbeid vi i krinsen slepp å betale for. Vi vonar å få noko ut av det.

 

3. Brev frå rådmannen i Eid: presiseringar om dei sakene som er nemt under.   KKUL vil svare på dette. Det gjeld  regulering av Kjølsdalsstranda, Kjølsdalsvassdraget og SND. Vi har bede om møte om desse tre sakene, det fekk vi ikkje svar på. Leiar skriv til rådmannen.

 

4. KKUL arranger sitt vanlege julemøte for styret. Dette blir 14 des. Medl. av styret må gje bindande melding om dei er med på møtet  eller ikkje.

 

18.11.2001 – Jan Eide, leiar