Styremøte i KKUL 26.10.01
Desse møtte: Odd Grov, Cato Albriktsen, Rønnaug Leite, Jan Eide, Eldar Lien, Arne Kjøllesdal
I tillegg hadde ein invitert søkjarar om SND-midlar for å diskutere møtet med SND på tysdag.
Sak 1. Vassmiljø
– Kjølsdalselva.
Eid kommune gjer etter KKUL si meining ikkje arbeidet med å utvikle miljømål
for vassdraget på rett måte. Laget har sendt søknad til Eid kommune om kr
25000.- for å setje dette arbeidet i gang.
Det verkar som om kommunen vegrar seg for å ta til på dette arbeidet
sjølv om det er sett av pengar på budsjettet for 2001. Leiar i KKUL ber om eit
møte med kommunen der ordførar bør vere
med.
Sak 2. Reguleringsplan for Kjølsdalen.
KKUL har trudd at no stod reguleringsplan for strandsona i Kjølsdalen for tur. Vi vonar dette er rett. Laget har gått ut med informasjon om at folk må engasjere seg og kome med innspel. Det er Eid kommune som etter KKUL si meining skal gjere dette arbeidet i samarbeid med bygdefolket. Leiaren i KKUL tek dette opp med ordførar i Eid. Det kan nemnast at KKUL alt har fått Nordplan til å teikne planskisse for yste del av strandsona. Dette kan vere med som bidrag i reguleringsplanarbeidet.
Sak 3. Møte med SND.
Tysdag 30.10.01 frå kl. 10.00 – 13.00 er det sett av tid til å møte SND for å diskutere dei 4 avslaga som personar i krinsen har fått på sine søknadar. KKUL har tidlegare sett søkjelyset på SND sine bidrag til småsamfunn og småskalaproduksjon. Tilbakemeldingar frå andre i same situasjon har styrkt framdrifta i arbeidet med dette. Temaet er teke opp på styremøte i SND etter at leiar Jan Eide hadde oppfordra til dette via rep. i styret for SND.
KKUL ynskjer at ordføraren i Eid kan stille på møtet med SND på tysdag.
Kjølsdalen 27.10.01
KKUL