Referat frå styremøte i KKUL 04.10.01.
Økonomi
Økonomien i laget er tilfredsstillande, men talet på betalande medlemar må aukast. Det vil i neste Tavla bli lagt ved giroblankett og påminning samt oversikt på prosjekt/tiltak som laget meiner har hatt verdi for krinsen. I dag er det 9 organisasjonar av ca 20 i krinsen som er med som betalande medlem. Vi ynskjer og at fleire som bur utanfor krinsen vil støtte oss. Etter den vellukka veka med kultur i sumar, vil vi sende ut giro til alle som tok del i festen på fredagen den 27 juli i samfunnshuset i Kjølsdalen.
SND-søkn. og avslag - vegen vidare
KKUL har teke opp problemet med avslag på SND-søknadar. Laget er inne i utviklingsfasen der næring står på programmet. I krinsen har vi hatt inne fleire søknadar om SND-midlar og har fått avslag på alle. Dette er både frustrerande og lite motiverande for dei det gjeld. Leiaren har teke opp dette med SND, fylkesordførar og fylkesmann samt politikarar i fylket og har registrert at det er fleire frustrerte rundt om i Fylket. SND v/ Flatland har signalisert at dei er interessert i ein dialog med KKUL med tanke på vidare samarbeid. Dette stiller laget seg positivt til. Leiar syter for at SND blir orientert .
Rivefabrikken – søknad om delutbetaling.
Leiar har søkt om delutbetaling på 75% av 75000.- av STLK-midlar som vi har fått til reperasjon av rivefabrikken i Årdal, slik at arbeidet kan setjast i gang. Det er sendt brev til Eid kommune om støtte til same prosjekt
Skilting
ved krysset i Kjølsdalen.
Folk
utanfor bygda som skal til arrangement i Kjølsdalen har ofte problem med å
finne fram. Styret i KKUL vil derfor arbeide for å betre dette. I fyrste omgang vil vi få til eit skilt som
viser til samfunnshuset i høve bygdemøtet den 20 okt. Rønnaug Leite tek seg av
dette.
Studietur til Hordaland 27-28 september.
Oppsummering og orientering
Leiar og kasserar i laget var med på turen til Voss og Hardanger. Dei var innom fleire bedrifter som arbeidde med småskalaproduksjon, m.a. var dei inn om smalehove-produksjon på Voss, gardsmatbedrifter i Hardanger etc.. Det var fleire frå Nordfjord som var med på turen som Fylkeslandbrukskontoret i Førde hadde ansvaret for med støtte av SND-midlar. Som resultat av dette blir det arrangert eit temamøte på Stårheim den 25 okt. om Norsk Gardsmat. Kolstad frå Fylkeslandbrukskontoret vil vere til stades.
Fylkesdelplan landbruk - orientering og eventuelt
handling
Fylkesmannen arbeider med ein fylkesdelplan for landbruk i S&F.
Sjå fylkesmannen si webside:
http://www.fjordinfo.no/fmsf/Presse/011001.htm
. Lag og organisasjonar har fått
invitasjon til å vere med. I krinsen er m.a. Bondelaget og utviklingslaget
invitert. KKUL vil prøve å vere med på møte på Eid Nordfjord Hotell (Eid) tysdag 9. oktober
10.00 - 15.00.
Kjølsdalselva –
miljømål - brev til Eid kommune
Det er sendt brev til Eid kommune der vi ber om at arbeidet med miljømål for Kjølsdalselva blir forsert. KKUL har vore pådrivar for rydding langs elva, prøvetaking av vasskvalitet saman med kommunen og utarbeiding av planskisse for elveosen og Mattisbakken. KKUL søkjer om å få vere med å dele budsjetterte midlar på kommunen sitt budsjett for 2001. Søknaden til kommunen er på 25000.-
Honorar -
IT-prosjektet.
Rønnaug arbeider med å skrive sluttrapport for IT-prosjektet og vil ha inn rekningar på det arbeid som er utført. Ho tek kontakt med dei det gjeld og får avklart dette.
Slektsprosjektet
går vidare. Jan Sæthre har signalisert at det kan bli minisamling i haust rundt programmet Embla som han er forhandlar
av.
Nye ting på gang.
Det blir
bygdemobilisering i Kjølsdalen samfunnshus laurdag 20 okt. Vi vonar at dei som
blir spurt om å vere med seier ja. Alle i krinsen har fått rundskriv om emna og
bør delta om dei har høve.
Ein har
fått signal om at KKUL kanskje kan bli med i
eit internasjonalt samarbeidsprosjekt innan landbruk. Dette vil vi kome
attende til om det blir aktuelt.
Kjølsdalen
05.10.01