Desse møtte: Rønnaug Leite, Anne Brattheim, Jan Eide, Odd Grov, Cato Albriktsen, Eldar Lien, Arne Kjøllesdal
Postlista inn/ut vart gjennomgått.
Sakene:
Økonomi:
Vart ikkje handsama då Jostein ikkje møtte.
SND-søknader og avslag på desse.
KKUL registrerer at fleire av dei som søkjer på SND-midlar får avslag. Dette er lite distriktsveneleg og eit problem for krinsen. KKUL er no i sitt utviklingsprogram kome til temaet næring som er tungt og vanskeleg, spesielt når ein ikkje får den støtta frå det offentleg som ein forventar.
Vedtak: Leiar skriv brev til SND om dette med kopi til NRK, lokalavisene, Fylkesmann Flæte, Fylkesordførar Sandal og eventuelle politiske parti.
Rivefabrikken i Årdal.
KKUL har fått tilsagn om 75000.- til vedlikehald av rivefabrikken dvs fyrsthandshjelp til tetting av tak og veggar. Dette på vilkår av at andre går inn med midlar også.
Vedtak: KKUL sender brev om delutbetaling slik at ein kan starte arbeidet i haust. Ein sender brev til Eid kommune om støtte i arbeidet og ein skipar ein stiftelse ”Rivefabrikkens vener”
Ein viser til den dugnad som allereie er utført med skriving av søknadar, rydding i og rundt fabrikken i høve bygdedagane. Alt dette arbeidet er kalkulert til kr 18000.- Ein reknar med at resten av arbeidet også blir utført på dugnad. Dette er i søknaden kalkulert til 25000.-
IT-Forum 26-27 sept på Aleksandra i Loen.
Breiband er hovudtema på konferansen
Vedtak: Vi sender ikkje nokon. Vi ventar på å ta i bruk breiband som går gjennom krinsen i kabel. Vi har signalisert til ordføraren i Eid fleire gangar at vi er interessert i å knyte oss på.
Studietur til Hordaland 27-28 sept.
Sogn og Fjordane landbruksselskap arrangerer tur til Hordaland der ein vil sjå på lokal foredling kjøt, frukt baking ølbrygging Norsk Gardsmat.
Vedtak: KKUL sender 2 personar som laget betalar for. Ein set inn annonse i Tavla der ein spør om interesserte som vil reise. To plassar er reservert, men kanskje kan fleire få vere med om det er plass?
Fylkesdelplan Landbruk.
Har fått brev frå S&F fylkesadministrasjon om fylkesdelplan for landbruk – oppstart. Ein er beden om å ta del i prosessen ved å vere med på internettdiskusjon eller sende brev.
Vedtak: Eldar tek kontakt med Trond Sundby som er prosjektleiar hjå fylkeskommunen og får fram fakta. Leiar organiserer vidare arbeid.
Kjølsdalselva – miljømål.
Brev frå Eid kommune om korleis Løken/Eid kommune ser på problema ang miljømål.
.
Vedtak: Leiar i KKUL sender brev til Eid kommune og peikar på at 50 000.- er avsett på budsjettet for 2001 for å handsame slike saker.
Mattisbakken.
Nordplan har etter oppdrag frå KKUL laga skisse over tiltak som kan gjerast i Mattisbakken.
(Dianne Eikås sitt område). På styremøtet vart det sagt at teksten på bileta bør vere på normert nynorsk.
Vedtak: Før utbetaling skal dette rettast opp. Leiar tek kontakt med Nordplan..
Fiskekonsesjonar – planarbeid –
dispensasjon.
Eldar Lien orienterte om korleis han ser på planarbeid i kommunen. Det børe vere rom for at krinsen sjølv søkjer om konsesjon enn at utanforståande skal inn og bandlegge areal.
Vedtak: KKUL sender brev om dette til Eid kommune.
Vegkrysset – finpuss etc.
Etter at Staten Eid kommune og Kjølsdalen Krins er i ferd med å avslutte arbeidet med eit tryggare ferdselsmiljø ved Kjølsdalen skule, vil ein få avklart korleis opp-pussinga skal vere.
KKUL har tidlegare sendt brev om dette til dei rette instansar.
Vedtak: Leiar føl opp og får avgjort anvarsområde.
Transport av skuleelevar – rett til variert
rutetilbod.
Jan Eide tok opp dette fordi det verkar heilt urimeleg at ungdomar som engasjerer seg i kulturelt arbeid på Eid må betale for transport som er pålagt fylket. Jan Eide har vore i kontakt med Eid Ungdomskule, rutebilselskapa v/b Olaf Dårflot og andre..
Vedtak: Leiaren får fullmakt til å gå vidare med saka då dette er å sjå på som eit distriktsutviklingsarbeid.
Leiar Jan Eide
Ref.