KKUL, Styremøte torsdag 14.06.01 kl 2000.
Møtereferat:
Desse møtte: Cato Albrigsten, Terje
Johnsen, Odd Grov, Eldar Lien, Anne Brattheim, Rønnaug Leite, Jostein
Gilleshammer, Jan Eide.
- Post (sjå eiga postliste)
- Honnørpris. Styret går inn for at
det blir gjeve ein honnørpris for
2000 og fram til no. Prisen blir utdelt på starten av bygdedagane
21 juli. Kven som får den blir hemmeleg til den tid.
- Frivilligsentralen. Anne
Brattheim blir KKUL sin representant i nemnda for frivilligåret i Eid. Ho
tek imot innkalling. Leiar gjev beskjed til Astrid Torheim
- Gamle ferdselsvegar. Opplysningar
om ferdselsvegar frå Møre over Nordfjord mot Sogn skal registrerast. Natur
og Kultur i vår krins tek på seg denne oppgåva. Rønnaug koordinerar.
- Dugnadstimar i laget. Jan Eide har
sendt brev til Astrid Torheim og har stipulert talet for lågt. Med alle
delprosjekt skal timetalet vere 2950 i staden for 1900. Jan Eide sender
melding om dette til A. Torheim
- Rivefabrikken. Det er sendt
søknad om STILK-midlar på kr. 112874.- Vi ber om 70% støtte til dette då
det i aller høgste grad er eit samarbeidsprosjekt. Terje Johnsen peika på
at vi burde ha teke med restaurering av tilkomstveg og parkeringsplass.
Dette må vi ta med i neste kalkyle og søknadsrunde.
- Organisering av drifta i KKUL. Det
vart peika på at ein kanskje må endre på driftsforma av KKUL. Medlemane i
styret vil vere på jakt etter ulike organisasjonsformer. Ein diskuterer
driftsform fram til neste årsmøte der dette vil bli teke opp til avgjerd.
- Styremøte. Siste torsdag i kvar
mnd kl 1930. I juli blir det ikkje styremøte. Neste styremøte blir altså
30.08
- BU-søkn om forprosjekt frå Landhandelen til IT-bygdebok. Denne vart avslegen frå Fylkesmannen. Vi legg saka bort og
kjem attende etter bygdedagane med ny vurdering og planskisse.
- Onsdagsmøte 20.06.01.
Politikarar, adm i Eid, Levande bygder er inviterte. KKUL vil oppfordre
lag og org i krinse til å stille opp og fremje sine syn og tankar på
framtidig utvikling. Jan Eide tek kontakt med ein del organisasjonar for å
møte fram.
- Nettverk mellom bygdene i Nordfjord. Rønnaug har gjennom si private verksemd fått pengar til ei
slik satsing. KKUL stiller seg posiv til ein konferanse sep/okt . Ein
vonar at pengar frå næringsfondet kan bli utløyst.
- Sentrumsplan. Det blir oppstart i år. Det er ynskjeleg
å få til ei gruppe som skal arbeide opp mot ei slik plan. Dersom KKUL skal
vere med i denne , blir dette avgjort på møtet i aug. Innspel frå
bygdefolk er ynskjeleg.
Jan Eide
leiar