KKUL; STYREMØTE FREDAG 15.12.00 KL. 2000
HOS
JOSTEIN.
REFERAT:
Frammøtte: Rønnaug, Jan E., Jostein, Cato,
Kolbein,
1. Referat frå førre styremøte.
Ok.
2.
Innkommen post.
I.074.00 Innvilga tilskot kr 13.950,- til rydding
(områdetiltak). 19.10.00.
I.075.00 Innkalling til styremøte i Levande
Bygder 30.11.00
I.076.00 Brev fra Seniornett Norge til
ansvarlig for seniorsurfdagen 2000. 29.11.00.
I.077.00 Julekort frå Eid kommune undertegna av
Ordføraren.
3.
Utgåande post.
U.034.00 Påmelding til Julemessa år 2000 i
Kjølsdalen.
U.035.00 Oppsigelse Westweb.
4.
Økonomi.
Jostein tar en gjennomgang med bankforbindelsane våre,
angåande renter og gebyr.
5. Status de enkelte prosjekt / vidare arbeid.
P02.95: Ressurs- og
behovsregistrering.
Rønnaug tar utskrift av det som går på næring, til bruk på neste styremøte.
P06.95: Elektrisitetsforsyning.
P07.95: Vegkrysset i Kjølsdalen.
Eid kommune og Arne Kjøllesdal har signert avtale om kjøp av grunn. Det var
synspunkt på at han fekk dårleg betalt.
Eid kommune har vedteke ekspropriasjon av grunnen til Odd H. Kjøllesdal.
P04.96: Næringsliv og
nærbutikk.
Rønnaug har gjennomført Etablererkurset og laga oppstilling over bruk av
midlane.
Denne vart godkjent og går til FMLA med kopi til Eid kommune. KKUL vil prøve å etablere Kjølsdalen Krins
Næringsnettverk i 2001. Rønnaug søkjer
Sogn og Fjordane Fylkeskommune om LA21 midlar til Bærekraftig Næringsutvikling.
Eldar føl opp med SND manglande samarbeid/resultat etter møtet i desember 1999.
EUF er no i gang med å utarbeide Marknadsplan for Eid. KKUL har sendt ut spørjeskjema vedr. tema
Buområde i Tavla for november, men så godt som ingen respons. ”Skofabrikken” og ”Pølsefabrikken” bør også
koblast inn i arbeidet.
Landhandelen har etablert eiga webside og arbeider vidare med tanke på
e-handel.
P06.96: Omsorgsbustader.
P07.96: IT som verktøy i bygdeutvikling.
Websida ligg no under domenet kkul.no.
E-post: post@kkul.no
(Rønnaug) og bygdekontoret@kkul.no
(Bygdekontoret)
Etablering av domene 500,- som eingongssum
+ 20 mb webplass 50,- + abonnenent 50,- + 5 ISDN-linjer 50,- pr. mnd.
Bør vi reservere domenet bygda.no?
P09.96: Husflidsutsal.
P01.97: Televerksmuseum.
P03.97: Samarbeidsavtale
Skule-Bibliotek.
P04.97: Kommuneplanen i
Eid.
P06.97: Uteområdet rundt
skolen.
Det er sendt en søknad om Nærmiljømidlar (statlige pengar) til bygging av
klatretårnet på skulen.
P07.97: Natur- og
Kulturkart.
Rønnaug handterer no kartdatabasen slik at vi kan snart starte med retting og
legge til meir detaljar på kartet. (Hurra!).
STILK-gruppa hadde møte 13.12.00 ang. vidare framdrift.
Rydding og merking av stiar skal vere ferdig i løpet av mai 2001.
P01.98: Drift
av Bygdakontor.
Det er no nedlagt forbud mot valdsspel på bygdakontoret.
P02.98: Friluftsplanen.
Eid kommune har ikkje prioritert noken friluftstiltak i planen, og har fått
kommentar på dette frå Fylkesmannen. Vi
kommenterer dette ved neste rullering av planen og fremjar våre friluftstiltak
på ny!
P03.98: Bibliotek.
Etter samtale med biblioteksjefen sender vi no faktura pålydande kr 1.000,- som
skal dekke bruk av internett i biblioteket si opningstid i 2000 (gjeld dei to
maskinene på biblioteket). Dette er ein
sats som må vurderast!
Eid kommune vil sjå nærare på bibliotektenesta. Levande Bygder i Eid/Nordfjord fremjar søknad om FOU-midlar. Rønnaug lagar ideskisse på vegne av KKUL og
sender dette til Dag Starheim og Astrid Grete Torheim. Vi ser føre oss biblioteket som ein sentral
ressurs i arbeidet med digital slekt- og bygdebok. Her kan biblioteket bli ein sentral møteplass for heile familien
(6-99 år), IKT kan takast i bruk som verktøy og ein kan etablere samarbeid med
andre instansar som Embla Familie og Slekt og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane,
Bygdeutviklingslag, Landhandelen osv.
P04.98: Næringsplanen.
P05.98: Levende Bygder.
Eldar møtte på styremøtet 30.11.00 (I.075.00).
P06.98: Områdetiltak.
Jan Eide har skreve rapport til fylket om det som er gjort, og planane vidare.
Det blir blant anna jobba vidare med moloen/Kjølsdalsneset ref. møte 7.12.2000.
P02.99: Hyen-Oppstryn-Kjølsdalen.
P03.99: Livslang
læring.
Jan Sætre skal arrangere temakveld om skanning av bilder, då vil det vere med
en representant frå fylkesarkivet som vil komme med en del kunnskap på området.
Levande Bygder ynskjer kurs i PhotoShop.
Det blir jobba vidare med PC-kamera og NetMeeting med tanke på nye
læreteknikkar.
P01.00 Bygdedagar.
KKUL har innvilga eit rentefrittlån på kr. 5000,- til disposisjon for prosjektgruppa
leia av Jan Kåre Sæthre. Jostein
betaler ut når han får oppgitt bankkonto.
Idrettslaget vil delta med markering av at laget er 60 år i 2001.
P02.00 Digital
slekts og bygdebok.
Jan Kåre vil halde demonstrasjon av den nye versjonen av Embla søndag 17/12-00.
P03.00 Engasjerande
lokaldemokrati.
6.
Brannsikkert arkivskap.
Det er kjøpt en safe brukt av Posten, pris kr 1.000,-.
Denne vil i første omgang bli brukt av KKUL til oppbevaring av utstyr.
7.
Framdriftsplan.
Rønnaug har laga et bra utkast til å jobbe vidare med
som skal vere til hjelp i framtidig arbeid.
Styret bearbeider utkastet og legg det fram for årsmøtet.
8. Eventuelt.
Ingen.
9.
Juleavsluttning med rakfisk.
Leiar takka alle for samarbeidet i år 2000.
Rakfisken var god stemninga var god, og Eldar kom akkurat tidsnok.